Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

2B Øvre Slottsgate
Oslo, Oslo, 0157
Norway

Vedtekter

Vedtekter for Teateralliansen

Stifta 17.12.2015 

§1    Føremål

Teateralliansen sitt føremål er å auke samarbeidet mellom aktørane på amatørteaterfeltet og ivareta og fremje felles faglege og interessepolitiske saker.

§2    Verdigrunnlag

Teateralliansen anerkjenner rolla dei demokratisk oppbygde organisasjonane har som arenaer for samarbeid, fagleg utvikling og auka demokratiforståing.

§3    Oppgåver

Teateralliansen skal på vegne av medlemsorganisasjonane:

  • Initiere og koordinere fagleg og organisatorisk samarbeid mellom aktørane på amatørteaterfeltet, lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

  • Initiere og koordinere interessepolitisk samarbeid for amatørteatret.

  • Forvalte ressursane som organisasjonen til ei kvar tid disponerer til det beste for amatørteatret. 

§4    Medlemsskap

Medlemskap i Teateralliansen kan bli gitt til nasjonale/regionale frivillige organisasjonar og kompetansesenter som har amatørteater som ein sentral del av verksemda si. For å bli medlem må organisasjonane vere demokratisk oppbygde, og ha lokalt amatørteaterarbeid som ein del av aktiviteten sin.

Regionledd av nasjonale frivillige organisasjonar kan ikkje bli medlem.

Medlemsorganisasjonane sine samarbeidsorganisasjonar på fylkesplan, fylkesteaterråda, kan bli tatt opp som fylkesorganisasjonar.

Søknader om medlemskap blir avgjort av årsmøtet.

§5    Årsmøte

Årsmøtet er Teateralliansen sitt høgste organ, og skal haldast kvart år innan utgangen av mai månad.

Kvar medlemsorganisasjon kan delta på årsmøtet med 2 delegatar med tale- forslags- og stemmerett.

Innkalling med førebels sakliste til årsmøtet skal vere sendt medlemsorganisasjonane seinast 8 veker før møtet.

Forslag frå medlemsorganisasjonane til saker ein vil årsmøtet skal handsame, må vere styret i hende seinast 6 veker før møtet.

Endeleg sakliste med sakspapir skal vere sendt medlemsorganisasjonane seinast 4 veker før møtet.

Styret innstiller overfor årsmøtet i alle saker, med unntak av val av styre. Valkomiteen innstiller på nytt styre.

Årsmøtet godkjenner årsmelding og rekneskap for foregåande år, og fastsett handlingsplan, budsjett og kontingentstørrelse for det påfølgjande året. Årsmøtet vel styre og valnemd i tråd med §6.

§6    Styre

Styret har ansvar for at Teateralliansen blir driven i samsvar med vedtektene, arbeidsprogrammet og andre vedtak gjort av årsmøtet.

Styret har 5 medlemmer med 3 varamedlemmer. Leiar blir valt for 1 år. Styremedlemmene blir valde for to år, slik at halvparten står på val kvart år. Varamedlemmene blir valde for 1 år.

Valnemnda har 3 medlemmer som blir valde for 3 år, med rullering slik at ein ny blir vald kvart år.

§7    Endringar i vedtektene

Framlegg om endringar i vedtektene må vere styret i hende seinast 60 dagar før årsmøtet, og skal kunngjerast for medlemsorganisasjonane seinast 30 dagar før årsmøtet. Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal, og trer i kraft frå det tidspunktet årsmøtet fastset.

§8    Oppløysing

Framlegg om oppløysing av Teateralliansen må vere styret i hende seinast 60 dagar før årsmøtet, og skal kunngjerast for medlemsorganisasjonane seinast 30 dagar før årsmøtet.

Oppløysing av Teateralliansen krev 2/3 fleirtal.

Eigendelar og disponible midlar skal nyttast i samsvar med § 1 i vedtektene.