Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

2B Øvre Slottsgate
Oslo, Oslo, 0157
Norway

Om oss

Føremål

Føremålet til Teateralliansen er å auke samarbeidet mellom nasjonale, frivillige og demokratiske amatørteaterorganisasjonar, og å ivareta og fremje felles faglege og interessepolitiske saker.

Resten av vedtektene kan du lese her.

Historikk

Våren 2015 lyste Kulturdepartementet ut nær 7 millionar kroner til felles amatørteatertiltak, og opna opp for søknader frå heile amatørteaterfeltet. Midlane vart lyst ut med eit treårsperspektiv for perioden 2015-2017, og departementet ønskte søknader om tiltak og aktivitetar for heile denne perioden.

Organisasjonane Norsk AmatørteaterforbundFrilynt NorgeNoregs UngdomslagStudieforbundet kultur og tradisjon og Norsk musikkråd inngjekk eit kulturpolitisk og strategisk samarbeid for å sende ein felles søknad til desse midlane, og brukte namnet Teateralliansen om samarbeidet. Samarbeidet vart formalisert gjennom at Teateralliansen vart stifta som organisasjon 17. desember 2015.

Forvaltning av statens midlar til amatørteater

Kulturdepartementet delte den utlyste potten mellom Teateralliansen og Scenefolk, og i perioden 2015-2018 forvalta Teateralliansen i overkant av 38 millionar kroner til felles tiltak for heile amatørteaterfeltet, inkludert driftsstøtteodninga til dei nasjonale teaterorganisasjonane og tilskottsordninga til historiske spel. Frå og med 2019 er det Norsk kulturråd som i hovudsak vil forvalte statens midlar til amatørteaterfeltet.

Sluttrapport for Teateralliansen si forvaltning av midlane vart sendt Kulturdepartementet i desember 2018, og Teateralliansen riggar seg på same tid for ordinær drift frå 2019, for å drive Dramas og for å utvikle Teatearalliansen vidare som møteplass for dei nasjonale teaterorganisasjonane.

Etablering av Kulturalliansen

I tillegg til at Teateralliansen har gjennomført ulike tiltak for det samla amatørteaterfeltet var vi også prosjektleiar for etablering av Kulturalliansen, som er ein samarbeidsorgan for nasjonale kulturorganisasjonar. Denne organisasjonen kan du lese meir om på kulturalliansen.no.