Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

2B Øvre Slottsgate
Oslo, Oslo, 0157
Norway

Dramas

Dramas_logo_kvit.jpg

Dramas er ei abonnementsordning for norsk amatørteater, der teatergrupper, skuleklassar, kulturskular og andre kan låne manus for gjennomlesing, og inngå kontrakter om spelerettar.

Dramas har vore ein del av verksemda i Teateralliansen sidan 1.1.2016. I tillegg til å låne ut lesemanus, klarerer vi søknader om spelerettar for norsk amatørteater, og krev inn royalties på vegne av rettigheitshavarane.

I perioden 2015-2018 har Dramas hatt ein midlertidig driftsmodell, ved at Noregs Ungdomslag har levert rekneskapstenester og betalt ut royalties til rettighetshavarar på vegne av Teateralliansen. Frå januar 2019 tek vi hand om dette sjølv, og vi riggar no drifta av ei ny og modernisert abbonnementsteneste for handsaming av spelesøknader og formidling av royalties.

Rettighetshavarar vil frå 2019 motta oppgjeret sitt direkte frå Teateralliansen, og brukarar av abonnementsordninga på dramas.no vil på same måte motta sine fakturaer frå Teateralliansen.

Les gjerne meir om Dramas og abonnementsordninga her.

Kontaktinformasjon og meir informasjon om tenesta finn du på www.dramas.no.