Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

2B Øvre Slottsgate
Oslo, Oslo, 0157
Norway

Aktuelt

Avslutning av forvaltningsoppdrag for Kulturdepartementet

Eli Ulvestad

Teateralliansen har avslutta oppdraget vi vart tildelt av Kulturdepartementet, med forvaltning av midlar til felles amatøreatertiltak i perioden 2015-2017. Teateralliansen har også forvalta noko midlar i 2018, i vente på at departementet skulle ta ei endeleg avgjerd på korleis midlane skal forvaltast på meir permanent basis. Teateralliansen har utarbeidd ein rapport for verksemda 2015-2018. Denne er oversendt Kulturdepartementet, og kan også lastast ned her.

Frå og med 2019 er det Norsk kulturråd som forvaltar driftstilskotet til dei nasjonale teaterorganisasjonane samt tilskotsordninga til Historiske spel.

Teateralliansen konsentrer innsatsen framover gjennom drifta av Dramas, samt gjennom å utvikle organisasjonen vidare som ein møteplass for nasjonale teaterorganisasjonar.

Norsk kulturråd skal forvalte pengar til amatørteater

Teateralliansen

Regjeringa har i dag presentert forslaget til statsbudsjett for 2019. I dette er det foreslått at Norsk kulturråd frå 2019 skal forvalte midlane til amatørteater og frivillige føremål. Dette inkluderer tilskotsordningar for aktivitet og til dei nasjonale aktørane, tilskotsordninga for historiske spel, samt tilskot til Dramas manusbank, som blir drifta av Teateralliansen. Tilskotsordningane skal bli forvalta og utvikla i dialog med amatørteaterfeltet.

Read More