Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

2B Øvre Slottsgate
Oslo, Oslo, 0157
Norway

Aktuelt

Teateralliansen og Dramas frå 2019

Eli Ulvestad

Dramas er ei abonnementsordning for norsk amatørteater, der teatergrupper, skuleklassar, kulturskular og andre kan låne manus for gjennomlesing, og inngå kontrakter om spelerettar.

Dramas er ein del av verksemda i Teateralliansen. I tillegg til å låne ut lesemanus, klarerer vi søknader om spelerettar for norsk amatørteater, og krev inn royalties på vegne av rettigheitshavarane.

I perioden 2015-2018 har Dramas hatt ein midlertidig driftsmodell, ved at Noregs Ungdomslag har levert rekneskapstenester og betalt ut royalties til rettighetshavarar på vegne av Teateralliansen. Frå januar 2019 vil Teateralliansen ta hand om dette sjølv, og vi riggar no drifta av ei ny og modernisert abbonnementsteneste for handsaming av spelesøknader og formidling av royalties.

Rettighetshavarar vil frå 2019 motta oppgjeret sitt direkte frå Teateralliansen, og brukarar av abonnementsordninga på dramas.no vil på same måte motta sine fakturaer frå Teateralliansen.

Les gjerne meir om Dramas og abonnementsordninga her.

Avslutning av forvaltningsoppdrag for Kulturdepartementet

Eli Ulvestad

Teateralliansen har avslutta oppdraget vi vart tildelt av Kulturdepartementet, med forvaltning av midlar til felles amatøreatertiltak i perioden 2015-2017. Teateralliansen har også forvalta noko midlar i 2018, i vente på at departementet skulle ta ei endeleg avgjerd på korleis midlane skal forvaltast på meir permanent basis. Teateralliansen har utarbeidd ein rapport for verksemda 2015-2018. Denne er oversendt Kulturdepartementet, og kan også lastast ned her.

Frå og med 2019 er det Norsk kulturråd som forvaltar driftstilskotet til dei nasjonale teaterorganisasjonane samt tilskotsordninga til Historiske spel.

Teateralliansen konsentrer innsatsen framover gjennom drifta av Dramas, samt gjennom å utvikle organisasjonen vidare som ein møteplass for nasjonale teaterorganisasjonar.