Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

Øvre Slottsgate
Sentrum, Oslo,
Norway

Om Teateralliansen

Teateralliansen starta opp som eit kulturpolitisk samarbeid mellom organisasjonane Norsk AmatørteaterforbundFrilynt NorgeNoregs UngdomslagStudieforbundet kultur og tradisjon og Norsk musikkråd, våren 2015. I desember 2015 vart samarbeidet formalisert gjennom at Teateralliansen vart stifta som organisasjon. Føremålet til organisasjonen er å auke samarbeidet mellom nasjonale, frivillige og demokratiske amatørteaterorganisasjonar, og ivareta og fremje felles faglege og interessepolitiske saker.

Bakgrunn for samarbeidet

Våren 2015 lyste Kulturdepartementet ut nær 7 millionar kroner til felles amatørteatertiltak, og opna opp for søknader frå amatørteaterfeltet. Midlane vart lyst ut med eit treårsperspektiv, og potensielle søkjarar blei bedne om å levere søknader om tiltak og aktivitetar for heile denne perioden.

Dei fem organisasjonane som i dag utgjer Teateralliansen inngjekk eit kulturpolitisk og strategisk samarbeid for å sende ein felles søknad til desse midlane, og brukte namnet Teateralliansen om samarbeidet. 

Løyvingar til felles amatørteatertiltak

Departementet delte den utlyste potten mellom Teateralliansen og Scenefolk, som er namnet på eit kunstfagleg samarbeid mellom organisasjonane HATS, Vestlandske Teatersenter, Buskerud teater og Norsk revyfagleg senter.

Løyvinga frå Kulturdepartementet til Teateralliansen vart i 2015 på 3,6 millionar kroner, og desse midlane blir brukt på aktivitetar og tiltak som kjem heile feltet til gode: NM i teatersport, Junior-NM i teatersport, kartlegging av behov for ei felles instruktøropplæring, tilskotsforvaltning og drift av DRAMAS. I 2016 auka den samla løyvinga til vel 8,6 millionar kroner, i samband med at Teateralliansen no vidareformidlar driftstilskot til dei nasjonale teaterorganisasjonane, og i 2017 er løyvinga på 8,6 millionar korner.

På desse sidene vil du finne generell informasjon om dei ulike tiltaka, med henvisning til kvar du finn meir utfyllande informasjon. Du kan og ta kontakt med oss på teater@teateralliansen.no

Ein ny paraplyorganisasjon for alle kulturorganisasjonane...?

I tillegg til at Teateralliansen gjennomfører ulike tiltak for det samla amatørteaterfeltet, har vi også gjennomført eit utviklingsprosjekt. Dette har resultert i etablering av Kulturalliansen, som eit nytt samlande samarbeidsorgan for nasjonale kulturorganisasjonar. Dette kan du lese meir om på kulturalliansen.no.