Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

Øvre Slottsgate
Sentrum, Oslo,
Norway

Instruktøropplæring

Scenerom – Kurs i regi og teaterproduksjon

Scenerom er ei kursrekke som blir utvikla og gjennomført av Studieforbundet kultur og tradisjon på vegne av Teateralliansen.

Den nye kursrekkja starta opp hausten 2016. Opplæringa består av fire modular, som til saman gjev deg ei brei innføring og går analytisk i djupna på regi og teaterproduksjon

Kursrekkja er open for alle som ønskjer å utvikle seg som teaterinstruktørar på det frivillige feltet. Det er ein fordel med grunnleggjande teaterrelatert erfaring, enten på scena, bak eller framom scena. Modulane vil til ein viss grad byggje på kvarandre.

Bakgrunn for opplæringa

Teateralliansen har gjennomført ei kartlegging i ulike teaterorganisasjonar, og instruktørar knytt til desse, om behov og ynskje for fagleg oppdatering innan regi og teaterproduskjon, og vil skreddarsy ei ny instruktøropplæring som svarar til behova og ynskja hjå lag, grupper og instruktørar. Gjennom ei spørjeundersøking fekk vi svar på mellom anna korleis tilgangen på teaterinstruktørar for dei ulike teaterlaga rundt om i Noreg er, kva for kompetanse som er i miljøet, og kva kompetanse miljøet etterspør. I tillegg undersøkte vi om det er ynskje og behov for ei felles opplæring for teaterinstruktørar i form av ei grunnopplæring eller ei vidareutdanning, og ynskje om kva ei slik opplæring skulle inneha. Undersøkinga gav signal om behov både for vidareutdanning og opplæring på grunn-nivå. I fyrste omgang jobbar vi vidare med ei kursrekkje på fire modular, på grunn-nivå, kursrekkja Scenerom.

Er du interessert?

Les meir på Studieforbundet kultur og tradisjon sine nettsider: Scenerom - Kurs i regi og teaterproduksjon