Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

Øvre Slottsgate
Sentrum, Oslo,
Norway

Aktuelt

Norsk kulturråd skal forvalte pengar til amatørteater

Teateralliansen

Regjeringa har i dag presentert forslaget til statsbudsjett for 2019. I dette er det m.a. foreslått at Norsk kulturråd frå 2019 skal forvalte midlane til amatørteater og frivillige føremål. Dette inkluderer tilskotsordningar for aktivitet og til dei nasjonale aktørane, tilskotsordninga for historiske spel, samt tilskot til Dramas manusbank, som blir drifta av Teateralliansen. Tilskotsordningane skal bli forvalta og utvikla i dialog med amatørteaterfeltet.

Tilskota til amatørteaterfeltet har i perioden 2015-2017 vorte kanalisert gjennom Scenefolk og Teateralliansen. I 2018 har delar av løyvinga vorte forvalta av Teateralliansen, i påvente av den endelege avgjerda om korleis midlane skal disponerast.

Statsbudsjettforslaget medfører at driftstilskotsordninga for dei nasjonale organisasjonane og speltilskotet til historiske spel og friluftsspel blir forvalta av Norsk kulturråd frå neste år. I tillegg blir den nye utstyrsordninga, som vart varsla i forslaget til statsbudsjett for 2018, lagt til Musikkutstyrsordninga, med mål om at dette skal bli ei kulturutstyrsordning.

Dei øvrige midlane som i perioden 2015-2017 har vorte delt mellom Scenefolk og Teateralliansen, vil etter det Teateralliansen kjenner til, bli gjort om til ei søkbar tilskotsordning for aktivitet, og også forvalta av Norsk kulturråd. Dramas, som er drifta av Teateralliansen, vil også få driftstilskot frå kulturrådet.

Les pressemeldinga frå kulturministeren her