Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

Øvre Slottsgate
Sentrum, Oslo,
Norway

Aktuelt

Kartlegging av behov på amatørteaterfeltet

Teateralliansen

Kulturdepartementet har etterspurt ei kartlegging av behova på amatørteaterfeltet. Teateralliansen har difor utarbeidd ei spørjeundersøking som vi sender breitt ut til lokale amatørteaterlag, der vi ber om tilbakemeldingar innan 20. september.

Kartlegginga gir amatørteatermiljøet ei unik moglegheit til å melde inn kva behov laga og gruppene har for å fungere best mogleg som arena for lokal, frivillig kultur. Undersøkinga er ein del av eit større utviklingsarbeid for heile amatørteaterfeltet i Noreg, både organiserte og frittståande teatergrupper og revylag. 

Det tek 5-10 minutt å svare på undersøkinga. Dei som svarer er med i trekninga om 10 000 kroner til laget/teatergruppa si.

Gå til undersøkinga her: bit.ly/teaterundersøkelsen2016