Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

Øvre Slottsgate
Sentrum, Oslo,
Norway

Aktuelt

Innspelsmøte om Spelfondet, 28. oktober

Teateralliansen

Teateralliansen overtok forvaltningsansvaret for tilskotsordninga for historiske spel frå og med 2016, og vi ønskjer sjølvsagt å forvalte og utvikle denne i tråd med ønskja og behova i spelmiljøet. På bakgrunn av dette inviterer vi dei historiske spela til eit innspelsmøte om tilskotsordninga.

Møtet blir halde på Radisson Blu Airport Hotel på Gardermoen, fredag 28. oktober kl 15-17. Vi har dessverre ikkje høve til å dekke reisekostnader for spela for å delta på møtet, og har forståing for at ikkje alle spela har ressursar til å delta på møtet. Vi håper difor at spel som ikkje har høve til møte, anten kan sende oss innspel på førehand eller i etterkant av møtet, eller å melde innspela via Norske historiske spel, som vi reknar med vil delta på møtet.

 Program:

  • Innleiing om utfordringane knytt til at tilskotsordninga er finansiert gjennom tippenøkkelen
  • Informasjon om korleis vi har prøvd å møte denne utfordringa i år
  • Innspelsrunde på korleis årshjulet kan bli endå betre. 

Påmelding til møtet skjer via denne nettadressa: bit.ly/Spelmøte2016 innan 1. oktober.