Kontakt oss

Bruk skjemaet på sida til å ta kontakt med oss. 

 

Øvre Slottsgate
Sentrum, Oslo,
Norway

Aktuelt

Folkemøte for teaterorganisasjonane, 28. oktober

Teateralliansen

Teateralliansen fått tildelt midlar frå Kulturdepartementet for å løyse felles tiltak for amatørteaterfeltet i perioden 2015-2017. Desse tiltaka skal nå ut til heile feltet, og vi inivterer dei regionale og nasjonale organisasjonsledda til eit ”Folkemøte” for å informere om arbeidet vårt, og ikkje minst for å få innspel til det vidare arbeidet. Teateralliansen har per i dag fem partnarorganisasjonar, og vi ønskjer mellom anna å drøfte med dykk om det er behov for ei større samordning av amatørteaterorganisasjonane på regionalt og nasjonalt nivå.

Møtet blir halde på Radisson Blu Airport Hotel på Gardermoen, fredag 28. oktober. Møtet varer frå 10 til 14.30, inkludert lunsj. Kvar organisasjon som er invitert kan delta med ein person gratis.  Om ein ønskjer å stille med fleire personar, vil organisasjonen/fylkesrådet bli fakturert for hotellets dagpakkepris for dette.

Program

10.00 Velkomen til møte/status for Teateralliansen

10.30 Scenerom – ny opplæring i teaterregi

11.00 Kva skjer i Dramas? – Om planar for utvikling og drift av manustenesta

11.30 Driftstøtte for dei nasjonale teaterorganisasjonane – framtidig regelverk.

12.00 Lunsj

13.00 Kva behov har amatørteaterfeltet? 

14.00 Vegen vidare for Teateralliansen

14.30 Avslutning av Folkemøtet

Påmelding via bit.ly/Folkemøte2016 innan 1. oktober.